Routes in Norge / Hordaland / Fitjar
Ein fin tur rundt det største vatnet på Fitjar, Storavatnet. Turen startar i Fitjar sentrum, der du blant anna finn Syklist Velkomen overnatting og sykkelutleige. Følg RV 545 forbi Fitjar kyrkje og vidare sørover. Etter ca 2 km kjem du til eit plantefelt. Her kan du velje å parkere sykkelen og følgje turstien til Rimbareid på venstre side. Når du har sykla ca 1 km vidare på RV 545 kjem du til eine kanten av Storavatnet. Her endar og ”gamlevegen” frå Fitjar, som er eit alternativ til hovudvegen dersom du ynskjer ein mindre trafikkert trase opp til Vik. Vegen byrjar til høgre for Fitjar kyrkje (skyssbrekka). Vidare følgjer du gang- og sykkelvegen mot Tveita. Etter nye 2 km kan du ta av til venstre på ein grusbelagt parkeringsplass. Derfrå går det ein tursti som er mykje brukt av lokalbefolkninga. Turen delar seg i to: ein veg går sørover til Sørlivatnet og Klysgard, medan den andre går nordover til Botnavatnet og Kidno. Følg vegen vidare forbi Årbøelva til krysset ved nærbutikken Joker. Her er det bord og benkar, og passar fint til ein pause om lag halvvegs på turen. Ta så av RV 545 og inn til høgre mot Koløyholmen. Du syklar 1 km på ein smal landeveg og tek deretter av til høgre mot Fitjar i krysset ved Øvrebygda Bedehus. Etter 4 km kan du ta til høgre ved ein liten parkeringsplass. Her ligg Breiavikjo, ein offentleg badeplass som er ein del av Storavatnet. Det er langgrunt vatn, bord og benkar og toalett. Vidare syklar du 1 km til du kjem til eit kryss. Her tek du av til venstre og inn på Vestbøstadvegen. Vegen til høgre tek deg inn på ”gamlevegen” og vidare ned til Fitjar/Vik. Følg Vestbøstadvegen langs sjøen til du kjem tilbake til Fitjar sentrum.
Ruta startar i Fitjar sentrum, der du blant anna finn Syklist Velkomen overnatting og sykkelutleige. Føl RV 545 sørover forbi Fitjar kyrkje før du etter 1 km tek av til venstre på ein smal landeveg. Denne vegen følgjer du opp til ein parkeringsplass med bom. Der startar grusvegen opp til Svartavatnet. Det er bratt stigning i byrjinga, men flatar meir ut etter kvart. Etter 1,7 km frå parkeringsplassen kjem du til det første vatnet, Olskjødno. Neste vatn heiter Kidnavatnet og ligg 0,8 km vidare. Like etter ser du Midtvatnet, og knappe 1 km til er du oppe ved Svartavatnet, som er eit av drikkevatna til Fitjar. Det er bord og benkar langs heile grusvegen.
Lengde: Frå sentrum: 6,1 km. Frå parkeringsplassen: 3,7 km
Tid: ca. 30-60 min
Maks. høgde: 387 m.
Underlag: 2,4 km asfalt, 3,7 km grusveg

