Routes in Norge / Hordaland / Stord
Stord - Bergen
Leirvik - Hodnanes - Onarheim - Gjermundshamn - Løfallstrand - Rosendal:
Om du kjem frå Leirvik tek du ferja over frå Jektevik til Hodnanes.
Herfrå følgjer du fylkesveg 78 til Lunde. Etter 5 km kjem du forbi kalkomnen på Flakka, eit minne frå den tida ein brende kalk av steinmassar frå området og mellom anna eksporterte til England. Du kjem forbi Onarheim, som på 1300-talet var sete for Onarheimsgildet, og vidare til Årbakka med gravrøyser, bautasteinar og den gamle handelsstaden.
Forbi Hovland følgjer du skilting mot Lunde, og kjem forbi Vevatnet, som mange meiner er knytt til gudsdyrking i førkristen tid. Du kan skimte Tysnessåto (753 moh). Frå Lunde kan du ta til venstre på Rv 49 mot Våge, ferja over til Halhjem og vidare til Bergen. Alternativt kan du sykle til høgre på Rv 49 mot Gjermundshamn. Dei neste 3 mila går i skogsterreng og langs fjorden. Frå Lukksundbrua er det flott utsyn til fjorden.
Ølve er ei vakker bygd med fin utsikt både til Kvinnherad-fjella og Hovlandsnuten. I Gjermundshamn tek du ferja over til Løfallstrand (25 min.), og derifrå 5 km til Rosendal.

